Til hovedinnhold
Norsk English

Betongbransjen står midt i ein stille revolusjon

Eit samfunn utan betong er ikkje mogleg å sjå for seg. Difor er det viktig at ein arbeidar for å gjere betongen så klimavennleg som mogleg. Foto: Malin Sletnes/Sintef
Nye betongtypar skal få ned utsleppa i byggenæringa. Målet er at all betong skal vere karbonnøytral innan 2050, men kanskje klarer ein det lenge før den tid.

Det er venta auke i byggeverksemda i store delar av verda i åra framover. Det er i sterk kontrast til krava som har komme både nasjonalt og internasjonalt om at CO2-avtrykket skal ned.

– Det går ikkje an å bygge samfunnet utan betong. Det er ingen andre materialar som erstattar han fullt ut. Det skal byggast, og betong er det rette valet, seier seniorforskar Tor Arne Martius-Hammer i Sintef til Nynorsk Pressekontor.

Ifølgje Sintef-forskaren er bransjen ansvaret sitt bevisst.

– Alle jobbar for å redusere CO2-utsleppa i betongproduksjon – og utviklinga går fort. Det offisielle målet er at betong skal vere karbonnøytral innan 2050, men vi trur det er mogleg at vi nesten kan vere i mål innan 2030. 

Betre blandingsmiddel

Det finst mange ulike typar betong, som har ulik tettleik og styrke, og ulike bruksområde og tilsetningar. All betong inneheld sement – og det er i hovudsak sementen som driv opp CO2-avtrykket til betongen.

Difor arbeider både forskarar og næringa med å finne ut korleis ein kan blande sementen med andre tilsettingsmaterialar for å få ned klimaavtrykket, utan at det går utover kvaliteten.

– Det er berre ti til femten prosent av betongvolumet som er sement, likevel utgjer han 90 prosent av CO2-utsleppet. Difor er det naturleg å angripe sementproduksjonen når ein skal tenke miljø, seier Martius-Hammer.

Dei mest vanlege blandingsmidla i sement i dag er biproduktet flygeoske frå kolkraftverk og slagg frå jernverksproduksjon.

Sidan desse blir mindre og mindre tilgjengelege blir det forska på ei heil rekke andre blandingsmiddel.

– Til dømes ein lavabergart frå Island, silisium- og manganslagg frå industribedriftene Elkem og Eramet, leire og biokol, fortel Martius-Hammer. I tillegg til blandingsmiddel i sement finst det òg andre moglegheiter for å få ned CO2-avtrykket til betongen.

– Ein kan prøve å redusere betongvolumet som blir brukt i konstruksjonane. Det kan gjerast gjennom meir effektiv produksjon for eksempel med 3D-printing, eller det kan gjerast med meir effektiv prosjektering og konstruksjonsdesign. Ein kan lage slankare konstruksjonar.

Heng ikkje med

For at betong med nye blandingsmiddel skal bli brukt må dei òg få ei godkjenning. Martius-Hammer meiner standardverket ikkje har hengt med på den raske utviklinga.

– Standarane er veldig strenge på kor mykje og kva type av dei ulike materialane som kan puttast inn i eller erstatte delar av sementen. Det hindrar vidare utvikling.

– På kva måte?

– Det er ingen eller veldig få som tek sjansen på å bruke materiale som ikkje er godkjende. Standardverket i stor grad er basert på erfaring langt tilbake. Difor vil dei òg naturleg nok ha streng regulering inntil dei veit nok. Det går føre seg store forskingsprosjekt som syner at betongen ikkje blir dårlegare med større delar klimavennlege materialar.

Vil ha føringar

For å sette ytterlegare fart i utviklinga ønskjer Martius-Hammer at det offentlege kjem med tydelegare miljøkrav i anbod.

– Dette er òg noko næringa etterspør. Rammevilkåra er viktige, og viss det står at kravet til utslepp er slik og slik – så vil det heilt klart vere ein drivar frå vidare utvikling.

– Førebels har eg inntrykk av at det finst lite offentlege føringar når det gjeld bruk av miljøbetong. Det er heller dei store næringsaktørane som på eige initiativ har utvikla miljøstrategiar – med blant anna mål om meir bruk av miljøbetong.

Både nasjonale og internasjonale klimamål er tydelege på utsleppa skal ned. For å få til det må alle bidra.

– Difor må vi bruke moglegheita til å faktisk påverke så godt vi kan – slik at vi kan få nullutslepp, avsluttar Martius-Hammer.

Kontaktperson