Til hovedinnhold
Norsk English

CINELDI webinar: Resultat fra KSP-prosjektet VulPro

Risiko, nett-utnytting og samanhengen mellom komponenttilstand og leveringspålitelegheit.

Informasjon

Sted
Teams
Start
Legg til i kalender
Slutt

Presentasjon fra webinaret

Nettet er fullt, seiast det ofte, så korleis kan vi utnytte kapasiteten i straumnettet betre enn vi gjer i dag? Er det både mogleg og ynskjeleg å ta ein høgare risiko med omsyn til leveringspålitelegheita? I så fall bør ein fyrst vite kva risikoen faktisk er og forstå kva som påverkar risikoen. Den tekniske tilstanden til komponentane i kraftsystemet, som krafttransformatorar, er ein viktig faktor som påverkar risikoen.

I forskingsprosjektet VulPro utviklar vi ny metodikk for å estimere risiko med omsyn til leveringspålitelegheita. Metodikken skal fange opp samanhengen mellom komponenttilstand og leveringspålitelegheit. Med andre ord skal risikoestimatet ta omsyn til både teknisk tilstand til komponentar og kor viktig rolle kvar av dei har i kraftsystemet.

Partnerar i prosjektet er SINTEF Energi, NTNU, Statnett, Landsnet og NVE, og i dette webinaret ynskjer vi å dele nokre av resultata med resten av nettbransjen.

Webinaret presenterast av Iver Bakken Sperstad og andre bidragsytarar i VulPro-prosjektet frå SINTEF Energi.

For påmelding, send ein e-post til

Utforsk fagområdene

Kontaktperson