Anlegg for forbrenning av restavfall er en viktig komponent i avfallshandteringa, og dei avlastar energisystemet ved å produsere fjernvarme og/eller elektrisitet. Samstundes fører forbrenning av restavfall med seg CO2-utslepp. Med karbonfangst og -lagring (CCS) kan ein fange CO2-utsleppa frå forbrenningsanlegg, og dimed redusere klimapåverknaden til desse anlegga. Om ein fangar og lagrar desse utsleppa vil ein òg fange CO2 frå biologiske kjelder. Dimed kan ein òg oppnå negative utslepp.
CaptureY samlar ulike aktørar for å utvikle ny kunnskap om moglegheiter og barrierar for realisering av CCS i avfallssektoren og kva dette kan bety for fjernvarme og andre tilstøytande system. Prosjektet ønskjer òg å forstå CCS i lys av den breiare omstillinga av avfallssektoren i retning av ein sirkulær økonomi.
CaptureY fokuserer på Noreg, men vil òg gjere samanliknande analyser i Sverige og Storbritannia. Me kombinerer samfunnsfaglege sosio-tekniske perspektiv på miljøinnovasjon og berekraftig omstilling med tekno-økonomisk modellering av føresetnadar for og effektar av implementering av CCS. Samla sett vil CaptureY bidra med ei heilskapleg forståing av dei sektor-spesifikke og kontekstuelle tilhøva som påverkar verkeleggjering av CCS som klimatiltak i avfallsektoren.