Til hovedinnhold
Norsk English

Oppfordrar til å utvikle måleutstyr for varmegjenvinnarar

Feltmåling ventilasjonsanlegg
Bildet viser feltmålingar ved ventilasjonsanlegget i Øya barnehage i Trondheim. Foto: SINTEF Byggforsk
Det finnast ikkje eigna måleverktøy for å nøyaktig avgjere reell verknadsgrad for roterande varmegjenvinnarar i ventilasjonsanlegg, viser ein ny SINTEF-rapport.

Reell årsverknadsgrad for roterande varmegjenvinnarar i bygningar er vanlegvis lågare enn den dokumenterte verknadsgraden frå laboratorietesting. Årsaka er at verknadsgraden varierer med ulike installasjonar og driftsforhold. Dette kan igjen føre til at ein undervurderer oppvarmingsbehovet i bygningar, og at varmesystem kan bli feil dimensjonert, sidan bygget i røynda brukar meir energi enn berekna.

– Dette avviket mellom berekna og reell energibruk bør undersøkast vidare. Ved hjelp av målingar av reell verknadsgrad kan ein og identifisere feil og forbetringspotensial for komponentane i roterande varmegjenvinnarar, seier prosjektleiar og forskar ved SINTEF Byggforsk, Peng Liu.

Ville kartlegge reell verknadsgrad i ulike bygningstypar

Opphavleg skulle prosjektet kartlegge reell verknadsgrad for roterande varmegjenvinnarar i ulike bygningstypar. Fem småhus, fem bustadblokker og fem barnehagar skulle instrumenterast og målast over tre sesongar (haust/vinter/vår).

– Det viste seg at spesielt å måle nøyaktige luftmengder så nært som mogleg varmegjenvinnaren var svært vanskeleg, seier Liu.

Prosjektet vart derfor omdefinert til å heller vurdere måleteknikkar og tilgjengeleg måleutstyr for nøyaktige målingar av luftmengder i ventilasjonsanlegg.

Oversikt over produkt og måleteknikkar

Rapporten Airflow Measurements for Air Handling Units viser eit utval produkt og måleteknikkar som er veleigna til å måle luftmengder i ventilasjonskanalar, forutsett at måleutstyret blir riktig plassert. Det vil seie at spesielt minste avstand før og etter forstyrringar som bend, T-forgreiningar, vifter og liknande blir overheldt.

For å finne reell verknadsgrad må ein, i tillegg til luftmengder, måle temperaturar og relativ fuktigheit som alle er representative for tverrsnittet til kanalen så nært som mogleg varmegjenvinnaren. Slike verktøy finnast ikkje per i dag.

– Vi vil derfor oppfordre produsentar av måleutstyr til å utvikle eit eigna produkt for dette, slik at det i framtida blir mogleg å finne reell verknadsgrad for varmegjenvinnarar, seier Liu.

Kva måleverktøy er det behov for?

Det ideelle måleverktøyet kan med høg nøyaktigheit måle både luftmengder, temperaturar og relativ luftfuktigheit så nært som mogleg roterande varmegjenvinnarar. I tillegg bør instrumentet påverke luftstrøymingane i kanalen minimalt, då forstyrringar vil auke trykktapet og energibruken for viftene.

– Å oppnå nøyaktige målingar er i seg sjølv ein stor forbetring frå dagens måleteknikkar, men det vil vere ein fordel om målingane i tillegg kan utførast automatisk. Resultata må uansett loggast over tid og lett kunne eksporterast til ein PC, seier Liu.

Dersom utstyret ikkje skal vere fast montert i eit ventilasjonsanlegg, og skal brukast i fleire bygg, bør det i tillegg vere portabelt. Då bør det også vere fleksibelt, slik at det kan tilpassast ulike kanaldimensjonar – både sirkulære og rektangulære.

Prosjektet er utført i samarbeid med Institutt for energi- og prosessteknikk ved NTNU og finansiert av Husbankens kompetansetilskot til berekraftig bustad- og byggkvalitet.

Last ned rapporten

 

Utforsk fagområdene