Til hovedinnhold

BarkCure - Kondenserte tanniner i bark fra norsk furu og granbark - antiparasitiske effekter og potensiell kommersiell utnyttelse

BarkCure - Kondenserte tanniner i bark fra norsk furu og granbark - antiparasitiske effekter og potensiell kommersiell utnyttelse

Kondenserte tannin (CT) blir rekna som antinæringsstoff som kan redusere opptak og fordøying av fôr og gje nedsett produksjon hos husdyr. Men det er vist at moderate mengder av CT i dietten kan redusere problema med parasittiske nematodar og protozoar i mage og tarm hos drøvtyggjarar.

Fôrplanter som inneheld tannin er ikkje godt tilpassa norske dyrkingsforhold, men bark frå bartre kan ha høgt innhald av CT, og Noreg har ein sterk skogindustri som kan vere ei mogleg kjelde til tannin. I prosjektet vil vi

  • evaluere produksjonen av bark slik den er i dag med omsyn til utnytting i industriell prosessering av CT
  • karakterisere kvalitet og kvantitet av CT i barkressursar og deira struktur-aktivitets relasjonar
  • teste den biologiske aktiviteten av CT ekstrahert frå bark mot parasittiske nematodar in vitro og in vivo og parasittiske protozoar in vitro
  • utvikle industriell ekstrahering og prosessering av CT frå bark.

Formidling av kunnskap frå prosjektet er prioritert og sikra gjennom samordna og integrerte aktivitetar. Prosjektet byggjer på ei koordinert samhandling mellom nasjonale og internasjonale aktørar innan forsking og industri

  • Norsk senter for økologisk landbruk
  • Norsk institutt for bioøkonomi
  • SINTEF Industri
  • Norsk Treteknisk Institutt
  • Veterinærinstituttet
  • Scotland's Rural College
  • Københavns Universitet
  • Bergene Holm AS
  • Norske Skog Saugbrugs AS

Felleskjøpet Fôrutvikling, Animalia, Norges Bondelag and Norsk sau og geit deltek i prosjektet gjennom ei rådgjevande ekspertgruppe.

Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet gjennom programmet BIONÆR.

Publisert 28. januar 2019
Seniorforsker

Prosjektvarighet

2017 - 2020