Til hovedinnhold
Norsk English

Partnerskapsavtale Øygarden kommune

Øygarden kommune ønskjer SINTEF som forskings- og utviklingspartnar som eit ledd i å realisera kommunen sin visjon om å bli eit fyrtårn i vest, og det denne ambisjonen vil krevja av kommunen med omsyn på kompetanse og nettverk til kunnskapsmiljø. SINTEF inngår i partnarskapet for å kunne betra tilgangen til forskingsbasert kunnskap og kompetanse på internasjonalt nivå, som det måtte vera behov for i utvikling av ein innovativ kommune, og som byggjer på og forsterkar kommunen sin eigen kompetanse.

Kontaktperson

Ill.: SINTEF

Kommunen sitt samarbeid med SINTEF vil omfatta både kommunen som organisasjon og tenesteytar, og som sentral aktør innan nærings- og samfunnsutvikling.

Partnarskapet bidrar til å dekka følgjande behov:

  • Kommunen sin trong for forskingsbasert kunnskap og kompetanse til innovasjon og utvikling av kommunen heilskapleg og av tenestene som kommunen yter til befolkning og samfunn.
  • Kommunen sin trong for å bidra med forskingsbasert kunnskap og kompetanse for å styrka næringslivet innan prioriterte område.
  • Kommunen sitt ønskje om å styrka regionen som ein attraktiv stad for næringsliv og busetnad.
  • Kommunen og det lokale næringsliv sin trong for å få tilgang til eit kompetent nettverk for realisering av prosjekt.
  • SINTEF sin trong for at forskingsverksemda som SINTEF driv skal vera retta mot behova og vera relevante for ei heilskapleg og berekraftig utvikling av samfunn og næringsliv lokalt og regionalt.
  • SINTEF sin trong for å utvikla tenlege modellar for korleis utdannings-, forskings- og utviklingsmiljø betre og meir effektivt skal samskapa med lokalt næringsliv, kommunen og andre relevante aktørar.
  • SINTEF sin trong for å utvikla vidare eigen kunnskap om kommunal verksemd.
  • Felles initiativ og deltaking i forsking der kommunen får dekt framtidige behov for deltaking i forskingsprosjekt, åleine eller saman med andre kommunar.
  • Felles deltaking i større prosjekt og satsing regionalt, nasjonalt og internasjonalt, spesielt EU-prosjekt, ved at partane saman kan styrka posisjonen for å vinna slike prosjekt.

Nøkkeltall

Prosjektvarighet

2021 - 2024

Samarbeidspartner

Øygarden kommune