Til hovedinnhold

OFFLEX

OFFLEX

Dette prosjektet tar for seg energisystemet på offshore olje- og gass-installasjonar med mål å bidra til reduserte klimagassutslepp gjennom å utnytte variabel vindkraft saman med fleksibilitet i bruk av energi og i lagring av energi.

Prosjektet vil:

  • Undersøkje i kor stor grad det er teknisk og økonomisk mogleg å justere energiforbruket etter tilgangen på vindkraft
  • Vurdere aktuelle alternativ for offshore energilagring
  • Vurdere sosiale barrierer ved å ta i bruk vindkraft og lastfleksibilitet
  • Utvikle matematiske verktøy for å finne optimale investeringar og styrinsstrategiar for system med vindkraft, fleksibel last og eneriglager
  • Demonstrere metodikk på eit relevant eksempel

Å redusere klimagassutslepp frå ikkje-fornybar energiforsyning til olje- og gass-aktivitet offshore er viktig for at oljeindustrien skal nå sine eigne utsleppsmål og for at Noreg skal nå nasjonale klimamål.

Forskingspartnarar er SINTEF Energi, Industri og Universitetet i Oslo. Industripartnarar er frå Petrosenter LowEmission.


Dette er et Kompetansebyggende prosjekt for næringslivet finansiert av Norges Forskningsråd.


 

Publisert torsdag 10. juni 2021
Forsker
462 80 881

Prosjektvarighet

2021 - 2023