Til hovedinnhold
Norsk English

AurOmega - Mikrobiell produksjon av omega-3 fettsyrer - en modellbasert tilnærming

I AurOmega vil ein systembiologisk tilnærmingsmåte gje ei auka forståing av kva som avgrensar DHA-syntesen i thraustochytridar og korleis han kan aukast. Prosjektet nyttar ein iterativ prosess der eksperimentelle disiplinar er tett integrert med omfattande omicsanalysar og matematisk modellering.

Kontaktperson

Foto: SINTEF / Thor Nielsen

Dei langkjeda omega-3 feittsyrene EPA og DHA er essensielle både for menneskje og for marin fisk, og fiskeolje er den viktigaste kjelda til desse feittsyrene. Sidan det ikkje kan fangast meir vill fisk enn vi alt gjer, så er vidare vekst i marin akvakultur, i Noreg og globalt, no alvorleg avgrensa av tilgangen på fiskeolje. Nye, berekraftige kjelder til EPA og DHA er heilt naudsynte. Thraustochytridar er eincella eukaryote organismar som kan lagre store mengder lipid. Dei kan dyrkast til høg celletettleik og er svært lovande organismar for utvikling av økonomisk konkurransedyktige produksjonsprosessar for omega-3 feittsyrer.

Det har vore forska på thraustochytridar i mange år. Men sjølv om det er kjend at DHA og meitta feittsyrer vert syntetiserte via to konkurrerande spor så manglar det framleis ei grunnleggjande forståing av feittsyresyntesen i desse organismane.

AurOmega-partnarane NTNU og SINTEF har dei siste tiåra isolert mange thraustochytridstammer og kartlagt evna deira til å lage lipid.  Modelleringa vil vere basert på genomskala metabolsk rekonstruksjon og simuleringar for å kunne føreseie metabolske produksjonstyper, og på kompleks nettverksanalyse for å identifisere nøkkelregulatorar for DHA-syntese, med eit særleg fokus på å auke synteseraten til DHA og inkorporering av DHA i lagringslipida.

Den nye kunnskapen vil verte nytta til å auke DHA-produktiviteten i utvalde thraustochytridestammer. Dette vil leggje grunnlaget for ein berekraftig og økonomisk levedyktig prosess for industriell omega-3 produksjon som kan mogleggjere vidare vekst for ein av dei viktigaste industriane i Noreg.

Prosjektet er finansiert av Forskningsrådet gjennom BIOTEK2021

Nøkkeltall

Prosjektvarighet

2017 - 2018