Til hovedinnhold
Norsk English

Kurs i sikkerheitsdokumentasjon

Dette kurset vil gi ei innføring i krav til sikkerheitsdokumentasjon gitt i CENELEC 50126, 50128 og 50129. Kurset vil ha ei praktisk tilnærming og gi eksempel på korleis ein kan planlegge og strukturere arbeidet med sikkerheitsdokumentasjonen.

Informasjon

Sted
Trondheim
Adresse
Strindvegen 4, 7034 Trondheim
Start
Legg til i kalender
Slutt
Påmeldingsfrist
Meld deg på her

Tema på kurset

  • Kvifor dokumentere sikkerheit
  • Introduksjon til CENELEC 50126, 50128 og 50129
  • Gjennomgang av livssyklusprinsippet
  • Gjennomgang av Safety Case-hierarki
  • Roller i sikkerheitsdokumentasjonsarbeidet
  • Planlegging for å skrive sikkerheitsdokumentasjon
  • Bruk av Safety Case ved smidig utvikling og endring

Føresetnader

  • Ha tilgang til og litt kjennskap til standardane
    • CENELEC 50126
    • CENELEC 50128
    • CENELEC 50129
  • Ha litt kjennskap til prinsipp for signalanlegg for jernbane

Praktisk informasjon

  • Kurset går over to dagar hos SINTEF i Strindvegen 4:
    Tysdag 23. april kl 10.00-18.00
    Onsdag 24. april kl. 08.30-15.30
  • Pris: 9 500,-

Om foredragshaldaren

Joakim Bustad er forskingsingeniør ved SINTEF Digital og har jobba som assessor innan jernbane dei siste tolv åra. Han har granska sikkerheitsdokumentasjon for større og mindre signalprosjekt, mellom anna ERTMS-utbygging i Sverige, kapasitetsutviding av Gardermobanen, innføring av nytt signalanlegg for metro i Stockholm og er no med som assessor i det norske ERTMS-programmet. Tidlegare har Bustad jobba nesten 20 år i Forsvaret som teknikar, sikkerheitsoffiser og som saksbehandlar i Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM), og han har også vore avdelingsdirektør for sikkerheit i Politiets data- og materiellteneste.

Meld deg på her

Beklager. En feil har oppstått og vi har fått beskjed. Prøv gjerne på nytt.

Kontaktperson

Adresse

Strindvegen 4, 7034 Trondheim