Ågot Aakra er i dag områdedirektør for klima og miljø i Folkehelseinstituttet. Ho sit og i styret for Kompetansesenter for miljø og helse. Aakra er nestleiar i Den nasjonale forskningsetiske komité for naturvitenskap og teknologi (NENT) og sit også i Forskningsrådets referansegruppe for infrastruktur i Horisont Europa.
– Eg gleder meg stort til å starta i SINTEF og avdeling for bioteknologi og nanomedisin. Eg ser på SINTEF som ein svært framtidsretta og løysingsretta organisasjon, som evnar å utvikla og bruka ny kunnskap for å få til den gjennomgripande omstillinga som heile samfunnet står overfor. Eg har sjølv gjennom mange år fått delta i lærerike, gode og samfunnsnyttige samarbeid med SINTEF, seier Aakra.
Nåverande forskingssjef for bioteknologi og nanomedisin, Trond Ellingsen, går av med pensjon 10. februar 2023. Aakra startar i SINTEF 1. januar og vil overlappe frem til ho tiltrer stillinga når Ellingsen pensjonerer seg.
Ho har lang erfaring frå Noregs Miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), kor ho har både oppnådd ein mastergrad i bioteknologi (1997) og ein ph.d. i mikrobiologi (2000). Etter fullført doktorgrad arbeidde Aakra ved NMBU i 21 år. Fyst som forskar og seinare som senior rådgivar, administrasjonssjef og til slutt som dekan ved Fakultet for kjemi, bioteknologi og matvitskap fram til 2021.
– Vi ønska oss ein ny forskingssjef med lang erfaring både frå forsking og leiing og som hadde klare tankar om kva samfunnet vil trengje av førsteklasses forsking innan fagområda bioteknologi og nanomedisin i åra som kjem. Ågot gav gode og spennande svar på korleis vår avdeling ved hjelp av folk og infrastruktur skal levere den kunnskapen, og eg ser med glede fram til at ho er på plass, seier konserndirektør for SINTEF Industri, Eli Aamot.
Etter ein periode som områdedirektør for klima og miljø i Folkehelseinstituttet kjem Aakra no til SINTEFs avdeling for bioteknologi og nanomedisin, der ho vil få ansvar for om lag 100 medarbeidarar.
Avdelinga er del av instituttet SINTEF Industri og har generisk breidde- og spisskompetanse som det er stor behov for innan område som marin, helse, industri og landbruk –alle er sentrale tema i regjeringas nasjonale plan for bioteknologi. Teknologien er mellom anna brukt innan utvikling av farmasøytika, vaksinar, biomateriale, enzym, mat, fôr, kjemikaliar og energi. Avdelinga har ein sterk posisjon både nasjonalt og internasjonalt.
– Klima-, miljø- og naturkrisene er dei største problema vi hanskast med i dag. Bioteknologi og nanomedisin er teknologiar som er heilt sentrale om me skal klara å handtera utfordringane kloden står overfor når det gjeld mat, helse og energi. SINTEF har dei beste føresetnadene, trur eg, for å kunna bidra til løysingar: Brei kompetanse, tung eksperimentell verksemd, framifrå kvalitet i forsking, innovasjon og formidling. Då regjeringa la fram forskingsmeldinga nyleg, kom det ambisjonar om månelandingar. Den eine månelandinga handlar om berekraftig fôr. Det er vanskeleg å sjå for seg ei slik månelanding utan store bidrag frå SINTEF, seier Ågot Aakra.