Til hovedinnhold
Norsk English

Utforming av parapetbeslag

Sammendrag

Gjennom FoU-programmet Klima 2000 er det gjennomført regnprøving av fire ulike parapetbeslag og fire ulike dekkbeslag for å framskaffe eit grunnlag for systemgjennomgang av ulike beslagsvariantar. Prøvinga er gjennomført for å studere korleis ulike variantar av parapetbeslag skjermar mot nedbør. Prøveprogrammet har omfatta forventa gode, mindre gode og mangelfulle eller uheldige utformingar og utføringar. Dei ulike parapetbeslagsløysingane si motstandsevne mot slagregn er prøvd i Byggforsk sin RAWl-boks etter prinsippa i metode A i NS-EN 12865:2001. Metoden er meint for kvalitativ korttidsprøving. I tillegg er dei ulike dryppkantane si evne til å leie vatn vekk frå veggliv studert ved å dusje vatn på øvre del av nedbretten langs fasaden. Den gjennomførte slagregnprøvinga har vist at det ikkje er lengda på nedbretten langs fasaden i seg sjølv som er avgjerande for å unngå inndrev av nedbør bak parapetbeslag. Dei beslaga som skjermar best mot inndrev er utforma med ei innsnevring av luftespalta bak dryppkanten etterfølgt av eit større luftvolum (kammer). Sjå eksempel i figur A. I det luftstraumen passerer innsnevringa, blir hastigheita redusert så mykje at luftstraumen mistar evna til å transportere vassdråpar. Tverrsnittsendring på luftespalta frå 5 mm (innsnevringa) til 20 mm (kammeret) viser seg å vere tilstrekkeleg til å oppnå ønska effekt. I tillegg bør kammeret ha ei lengde på minimum 20 mm for å oppnå ønska volum. Vatn som følgjer med luftstraumen, vil dermed bli felt ut i kammeret. Kammeret må ha hol for drenering av utfelt vatn. Ein effektiv dryppkant bør ha ein avstand på minimum 20 mm frå veggliv, for å hindre at vasstraumar frå dryppkanten blir leia direkte inn på vegglivet. Det er likevel vanskeleg å unngå heilt at vatn frå parapetbeslaget blir ført inn på fasaden på grunn av vriding av vasstraumen i det han passerer dryppkanten. Kor mykje vasstraumen endrar retning er avhengig av hastigheita på vatnet. Lågare fart gir større vriding. Ein avstand på minimum 20 mm mellom dryppkant og veggliv sikrarat rennande vatn frå dryppkanten blir spreidd over ei viss flate. I tillegg vil vind mot fasaden påverke korleis vatn frå dryppkanten blir spreidd på fasaden. På taksida av parapeten er ei enklare utforming av nedbretten tilstrekkeleg når denne delen ikkje skal skjerme mot inndrev bak lufta kledning. Som regel er parapeten på taksida verna av taktekningen som er ført over parapeten, samt at slagregnpåkjenninga her er mindre enn på fasadesida av parapeten. Prøvinga har vist at skøyter i vertikale beslagsdetaljar kan utførast med overlapp. Lengda på overlappen bør vere minimum 40 mm og metallplatene bør ligge heilt inntil kvarandre. Plateendane skal utførast med omslag. I tillegg er det avgjerande at vatn som eventuelt kjem inn gjennom skøyten blir leia ut igjen før det når inn til bakveggen.
Les publikasjonen

Kategori

Forskningsrapport

Språk

Norsk

Forfatter(e)

Institusjon(er)

  • SINTEF Community / Arkitektur, byggematerialer og konstruksjoner

År

2006

Forlag

SINTEF Byggforsk

Hefte nr.

120

Vis denne publikasjonen hos Nasjonalt Vitenarkiv