Sammendrag
Å skaffe til veie ein nøyaktig batymetri (djup og
botnforhold) for elver og innsjøar er viktig for
fleire ulike samfunnsføremål. Eksempel på kvar
slik informasjon er viktig er til dømes vurderingar knytt til erosjon og flaum, kvikkleire, naturmangfald, samferdsel, og miljøtilhøve i regulerte
vassdrag. Informasjon om djup og batymetri er
viktig både ved planlegging av ulike tiltak og
overvaking over tid av vassdrag og innsjøar. Det
finst fleire ulike måtar å hente inn slik informasjon. Tradisjonelt vert dette gjort ved hjelp av
totalstasjonar og GPS, eller fleirstråle ekkolodd
frå båt. Felles for alle metodane er at dei kanskje
ikkje passar til ulike typar av elver og at det kan
krevje stor innsats og tidsbruk for å få gode og
dekkande datasett. Bruk av batymetrisk LiDAR
er ein teknologi der overflata av jorda vert skanna
med grøn laser frå fly. Til skilnad frå dei meir
vanlege topografiske LiDAR instrumenta har dei
batymetriske instrumenta kapasitet til å trenge
gjennom vassflata og dermed samle data under
vatn. Dette kan difor vere ein svært effektiv måte
å samle inn data om batymetri på, og gi svært
detaljerte data. Her vil vi sjå på datakvalitet, kor
vidt korreksjonar er naudsynte og prosessen
med å utnytte slike data i hydrauliske analyser.
Dette vil verte illustrert med eksempel frå fleire
ulike prosjekt der vi har brukt LiDAR batymetri
i samband med hydraulisk modellering