Sammendrag
Støy og vibrasjon frå skipspropellar skuldast ofte dårleg wake. CFD-metodar evaluerer slepemotstanden raskt, men wake-kvalitet blir fortsatt ofte vurdert manuelt. Målet er å utvikle ein metode for å finne skrogformer med balanse mellom energieffektivitet og propellstøy, gjennom kvantifisering av kvaliteten til propell-waken via ein wake-indeks.
Etter litteratur-gjennomgang vart ein metode frå Ploeg valt, som ser på endring i den resulterande innstrøymingsvinkelen til propellblada. Eit python-skript blei utvikla for å rekne ut wake-indeksen frå CFD-resultat.
I case-studien analyserte vi 120 skeg-variantar av eit twin-skeg skrog frå Ulstein D&S med CFD. Resultata viste god korrelasjon mellom wake-indeksen til Ploeg, manuelle vurderingar og detaljerte propellanalyser av Brunvoll. Ytterlegare validering av metoden er derimot anbefalt. Ein alternativ metode kan vere å fokusere på endring i propellkrafta i staden for innstrømmingsvinkelen.