Sammendrag
Nye betongtypar skal få ned utsleppa i byggenæringa. Målet er at all betong skal vere karbonnøytral innan 2050, men kanskje klarer ein det lenge før den tid. Det er venta auke i byggeverksemda i store delar av verda i åra framover. Det er i sterk kontrast til krava som har komme både nasjonalt og internasjonalt om at CO2-avtrykket skal ned. – Det går ikkje an å bygge samfunnet utan betong. Det er ingen andre materialar som erstattar han fullt ut. Det skal byggast, og betong er det rette valet, seier seniorforskar Tor Arne Martius-Hammer i Sintef til Nynorsk Pressekontor.