Til hovedinnhold
Norsk English

Kurs i sikkerheitsdokumentasjon

Dette kurset vil gi ei innføring i krav til sikkerheitsdokumentasjon gitt i CENELEC 50126, 50128 og 50129. Kurset vil ha ei praktisk tilnærming og gi eksempel på korleis ein kan planlegge og strukturere arbeidet med sikkerheitsdokumentasjonen.

Informasjon

Adresse
Strindvegen 4, 7034 Trondheim
Start
Legg til i kalender
Slutt
Påmeldingsfrist

Meld deg på via skjemaet lengre ned på sida.

 

Tema på kurset

  • Kvifor dokumentere sikkerheit
  • Introduksjon til CENELEC 50126, 50128 og 50129
  • Gjennomgang av livssyklusprinsippet
  • Gjennomgang av Safety Case-hierarki
  • Roller i sikkerheitsdokumentasjonsarbeidet
  • Planlegging for å skrive sikkerheitsdokumentasjon
  • Bruk av Safety Case ved smidig utvikling og endring

Føresetnader

  • Ha tilgang til og litt kjennskap til standardane
    • CENELEC 50126
    • CENELEC 50128
    • CENELEC 50129
  • Ha litt kjennskap til prinsipp for signalanlegg for jernbane

Praktisk informasjon

  • Kurset går over to dagar hos SINTEF i Strindvegen 4:
    Onsdag 2. mars kl 10.00-18.00
    Torsdag 3. mars kl. 08.30-15.30
  • Pris: 7 300,-

 

Om foredragshaldarane

Joakim Bustad er forskingsingeniør ved SINTEF Digital og har jobba som assessor innan jernbane dei siste tolv åra. Han har granska sikkerheitsdokumentasjon for større og mindre signalprosjekt, mellom anna ERTMS-utbygging i Sverige, kapasitetsutviding av Gardermobanen, innføring av nytt signalanlegg for metro i Stockholm og er no med som assessor i det norske ERTMS-programmet. Tidlegare har Bustad jobba nesten 20 år i Forsvaret som teknikar, sikkerheitsoffiser og som saksbehandlar i Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM), og han har også vore avdelingsdirektør for sikkerheit i Politiets data- og materiellteneste.

Robert Bains er seniorrådgjevar ved SINTEF Digital og har jobba som forskar og assessor dei siste elleve åra. Han har forska på sikkerheitsgodkjenningsprosessar for jernbane og granska sikkerheitsdokumentasjon for større og mindre signalprosjekt, mellom anna ERTMS-utbygging i Sverige, ATC-system i Sverige, prosjekt for finsk jernbane og norsk jernbane, samt prosjekt vedrørande sikkerheitsrelatert kommunikasjon.

Påmelding

Beklager. En feil har oppstått og vi har fått beskjed. Prøv gjerne på nytt.

 

Illustrasjonsbilde: Gunnar Stattin, MittMedia

Kontaktperson

  • Joakim Bustad

    Joakim Bustad

    Forskningsingeniør Software Engineering, Safety and Security

Adresse

Strindvegen 4, 7034 Trondheim