Miguel Muñoz Ortiz er forskar og har jobba på SINTEF sidan 2019. Han jobbar innan energisystemmodellering, matematisk programmering, optimering, verdikjede- og teknoøkonomisk analyse, ved å dekkja fleire teknologiar og sektorar, slik som hydrogenproduksjon med elektrolyse, brenselceller, batteri eller fornybar straumproduksjon. Han har bidrege til ulike avgjerdsverktøy som har vorte brukte og validerte på ymse prosjekt, frå nasjonalt til EU-finansiert.
Utdanning
Bachelorgrad i maskinteknikk (2015, Universitetet i Castilla-La Mancha)
Bachelorgrad i nordisk språk og litteratur (2023, Universitetet i Bergen)
Mastergrad i energiteknologi (2018, Karlsruhe Institute of Technology)
Kompetanse og fagområder
Modellering, matematisk programmering, energisystem, fornybar energi
ORCID
https://orcid.org/0000-0002-0737-6989