Abstract
Norsk samandrag I 2017 etablerte den norske regjeringa Lov om utprøving av selvkjørende kjøretøy, ei lov som gjorde det mogleg å prøve ut automatiserte køyretøy på norske vegar. Denne lova var motivert av påstandar om at automatiserte køyretøy kan gjere vegtransporten grønare, sikrare og meir effektiv, samt påstandar om at utvikling og bruk av slike køyretøy vil leggje til rette for både industriutvikling og økonomisk vekst. Denne avhandlinga undersøkjer innovasjonsprosessar knytt til automatiserte køyretøy for å betre forstå kva funksjon ein ser føre seg at nye transportteknologiar skal fylle, både innanfor transportsektoren og i samfunnet elles. Avhandlinga består av tre artiklar og eit essay som analyserer funn på tvers av artiklane. Den fyrste artikkelen viser korleis generelle forventningar knytt til automatiserte køyretøy blir omsett til meir spesifikke forventningar om korleis slike køyretøy kan vere nyttige i ein norsk samanheng. Vidare viser artikkelen korleis desse forventningane også er knytt til større forventningar om korleis framtida kan og bør sjå ut, og korleis ein ser føre seg at automatiserte køyretøy kan vere med på å gjere denne framtida mogleg. Den andre artikkelen viser kva forventningar til automatiserte køyretøy som kjem til uttrykk i høyringssvar knytt til Lov om utprøving av selvkjørende kjøretøy. Artikkelen viser også korleis desse forventningane kjem til uttrykk i spesifikke innovasjonspraksisar og korleis desse praksisane er med på å skape nye forventningar til både teknologi og tilhøyrande politikk. Den tredje artikkelen fokuserer på dei tidsmessige aspekta ved innovasjon. Spesifikt samanliknar den politisk nyskaping med teknologisk nyskaping for å forstå implikasjonane av dei to tilnærmingane når det kjem til å forme framtidas transportsystem. Kryssanalysen stiller spørjeteikn ved den transformative rolla som ny transportteknologi gjerne blir tilskrive. Sjølv om ein ikkje bør avslå nytten av teknologiske nyskapingar innanfor transport bør ein likevel forstå kva forventningar som er knytt til slike nyskapingar. I Noreg er transportnyskaping i stor grad retta mot å bevare og vidareføre etablerte transportpraksisar, og med det også ei spesifikk samfunnsorganisering. Forventninga om at morgondagens transportteknologi kan redusere eller til og med løyse dagens transportproblem unyttiggjer tiltak utover dei som er naudsynte for å leggje til rette for teknologisk nyskaping. Forventningar knytt til ny teknologi gjer det dermed mogleg å utsetje tilgjengelege, men potensielt upopulære tiltak på ubestemt tid. Dette er ei utfordring, ettersom både teknologiutvikling og dei tilhøyrande forventningane er kjenneteikna ved stor usikkerheit. Derfor er det ikkje tilstrekkeleg å gjere ei kritisk vurdering av nye transportteknologiar og dei tilhøyrande forventningane: på grunn av nemnte usikkerheit bør ein også sikte mot ei transportframtid som ikkje er avhengig av framtidig teknologisk nyskaping for å bli verkeleggjort.