6. Fordampingsberegning

6. Betre fordampingsberekning

KVIFOR

Fordamping i sommarhalvåret kan utgjere nærare 50% av vasstapet i eit nedslagfelt. Metodane brukt i dagens modellar er basert på erfaringsverdiar for fordamping og vassinnhald i modellens markvatnsone. Den kan som regel også knyttast opp mot temperaturen i feltet.

Fordampinga blir styrt av tilgjengeleg vatn, fuktinnhald i lufta, vind og energibalansen over området. Eit betre estimat av fordamping fordrar at ein tek betre i bruk denne informasjonen.

KORLEIS

Problemstillinga løysast gjennom ein kombinasjon av "Betre bruk av inngangsdata" og "Betre fysisk modellbeskrivelse". Difor vert det foreslått å primært gjennomføre desse prosjekta.

Ønskjer brukarane eit eksplisitt fokus på fordampning betyr dette at følgjande utfordringar må løysast

  • Korleis finne feltverdiar for relativ fuktigheit og vind basert på punktobservasjon
  • Korleis sikre konsistent kopling mellom prognosedata og observerte verdiar for relativ fuktigheit og vind
  • Metodeutvikling og testing mot obsvert tilsig

Interessa hos brukerane vil avgjere omfanget av prosjektet. Grense for å starte abeid på søknad er at vi kan etablere eit prosjekt på 1mNOK/år dvs minimum 500 kNOK/år i brukerfinansiering

Kontaktperson