Michael Martin Belsnes
Forsker- Navn
- Michael Martin Belsnes
- Tittel
- Forsker
- Telefon
- +47 92 89 04 63
- Avdeling
- Energisystemer
- Kontorsted
- Trondheim
- Company
- SINTEF Energi AS
Damsikkerheit har høg prioritet i samfunnet og fører til strenge og kostbare pålegg til dameigarane.
Krava kjem gjerne som følge av nye og klimajusterte flaumberekningar som ofte er basert på grove antakelsar og estimat, og dameigarane har i liten grad mulegheit eller grunnlag for å overprøve dei. Det er ikkje opplagt at dei samfunnsøkonomiske kostnadane står i samsvar til den auka tryggleiken med den usikkerheiten som ligg i estimata krava bygger på.
I krava til damsikkerheit er det ikkje lov å ta omsyn til reguleringsevne. Er dette rasjonelt? Kan ein påvise at same grad av auka tryggleik ved kostbare ombyggingar, kan oppnåast ved å bruke reguleringskapasitet?
Kva kan ein oppnå ved å bruke magasin som flaumdemping, kva er kost/nytte ved slik bruk av magasinet og kven skal eventuelt betale for dette?
Dette er spørsmål som prosjektet eventuelt vil adressere og svare på.
Prosjektet er naturleg å dele i to. Del 1 er foreslått å innehalde
Del 2 er foreslått å innehalde
Interessa hos brukerane vil avgjere omfanget av prosjektet. Grense for å starte abeid på søknad er at vi kan etablere eit prosjekt på minimum 1mNOK/år dvs minimum 500 kNOK/år i brukerfinansiering