To main content

Trur ulukka kan føra til at offshore-arbeidarar sluttar

Abstract

Trur ulukka kan føra til at offshore-arbeidarar sluttar


Roy Erling Furre i fagforeininga Safe trur frykt for å fly helikopter kan få folk til å sei opp jobben sin etter ulukka ved Turøy. Statoil strekk seg langt for å hjelpa dei som slit, og seier at det er heilt greitt å be om å få stå over ein tur. – Eg kjenner sjølv folk som har kasta korta og slutta i Nordsjøen på grunn av helikopterskrekk. Det er klart at ulukka som skjedde på fredag vil øydelegga mykje for dei som allereie slit, seier Roy Erling Furre, som er HMS-ansvarleg i fagforeininga Safe.


Han viser til SINTEF sin helikoptertryggleiksstudie, som slår fast at det er mange nordsjøarbeidarar som i ulik grad har frykt for å fly helikopter. Når 13 menneske nå mista livet sitt i den tragiske helikopterulukka trur han altså at det kan føra til at offshore-arbeidarar seier opp jobben sin.

Category

Interview

Language

Norwegian

Author(s)

Affiliation

  • SINTEF Digital / Software Engineering, Safety and Security

Date

30.04.2016

Year

2016

View this publication at Cristin