Til hovedinnhold
Norsk English

Mikroalger kan brukes som tilsetting i for

Det er heilt realistisk å få til ein kostnadseffektiv produksjon som gjer det mogeleg å bruke mikroalgar som tilsetting i fiskefôr. Men det krev engasjement frå ulike fagmiljø, seier forskar Trine Galloway i SINTEF.

(Teksten er også publisert på kyst.no)

Trine Galloway presenterte si forsking omkring dyrkingsteknologi på mikroalgar på Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF) sitt fagseminar i Trondheim sist veke.

Målet med forskinga er å vurdere mogelegheitene for til ein viss grad å erstatte fiskeolje og fiskemjøl i fôr til laks og torsk med mikroalgar. Resultata så langt viser at innblanding av mikroalgar i fiskefôret gir godt fôropptak både hjå laks og torsk.
- Optemalisering av algeartar og dyrkingsbetingelsar i høve til bruk i fôret er nødvendig, og artane krev ulik prosessering før bruk, men forskinga viser at det er mogeleg å få det til, sa Galloway til forsamlinga.

Prosessen før ein er komen så langt at mikroalgar kan brukast for å auke nivået av marine råvarer i fiskefôret er arbeidskrevjande, og Galloway etterlyser eit større engasjement frå fôrprodusentane si side.
- Energiprodusentane har stor interesse for bruk av mikroalgar, noko som kan vere med å få prisen ned på eit akseptabelt nivå. Og dersom energibransjen meinar dette er ei relevant energikjelde, så er det også relevant å bruke det som ei marin råvare i fiskefôr, sa Galloway til forsamlinga.

Kontaktperson