Til hovedinnhold

Kvalitet på garnfanga torsk

Kvalitet på garnfanga torsk

Publisert 20. juni 2016

Garn er eitt av dei viktigaste fangstreiskapane i det norske fisket etter Nordatlantisk torsk og kysttorsk i områda nord for 62°. Det er forska lite på effekten ulik reiskapsteknologi som mellom anna garnmaterial og garnhalerar har på kvalitet.

Garnfiske i januar utenfor Husøy på Senja.

Det har lenge vore fokus på at garnfanga fisk, då spesielt garnfanga torsk, ikkje er av tilfredsstillande kvalitet. Enkelte mottaksanlegg har valt å stansa eller å redusera kjøpet av garnfanga fisk. Andre hevdar at kvaliteten på garnfanga fisk vil vera den same som for anna villfanga fisk så lenge ein røktar garna forskriftsmessig og handterer fisken korrekt ombord på fartøyet. Det bør vera den reelle kvaliteten på fangsten som vektleggast av kjøperane, og ikkje kva for reiskapstype som har vore nytta. Spørsmålet ein bør stilla seg er om tap av kvalitet skjer under fangstopperasjonen, handteringa ombord i fartøyet, eller ved vidareforedlinga på land? 

Under toktet i QualiFish prosjektet, eitt forskingsprosjekt finansiert av Norges Forskningsråd, ville forskerane derav undersøka utvalde delar av utstyret ombord for å sjå på korleis det spelte inn i på kvalitetsdegradering av torsk. Under forsøket vart haling med garnskiver samanlikna med haling med vertikalrull, medan monofilament garn (0,6 mm) vart samanlikna med det noko tjukkare og mjukare multimonogarnet (1,5 mm * 6). I fem dagar vart fire garnlenker, kvar med 25 garn, satt parvis ved to ulike lokasjonar utanfor kysten av Husøy på rundt 30 meters djup. Til saman vart 201 torsk med ei vekt på 8-10 kg og ei lengde på rundt 1 meter tatt på dei døgnståttegarna. Fisken vart blødd ut i rennande sjøvatn i ein halv time og analysert for ytre skadar som reiskapsmerker, trykkskader og finneskader. Vidare vart fisken filitert og evaluert for kvalitets defektar som synlege blodflekkar, filetspalting og raudheit i filetane. Filetane vart også avbilda for seinare evaluering av filetfarge ved maskinsyn. Kvalitetsevalueringane vart gjennomført for å kunne illustrere korleis dei utvalde halemetodane og garnmateriale påverka kvaliteten til garnfanga torsk.

Resultata viste at det var lita eller inga forskjell i kvaliteten på rundfisk fanga med dei ulike garn og halemetodane. Torsk fanga med multimono garn hadde ei høgare overlevingsrate samanlikna med monofilament garn. Vidare var filetane som vart fiska med multimono garn lysare og kvitare enn filetane frå monofilament garn. Fisken var av generelt god kvalitet og gav lyse fine filetar. Resultata er framleis under bearbeiding, og det er forventa at ein artikkel vil bli publisert i løpet av 2017.

QualiFish prosjektet er eitt firårig forskingsprosjekt finansiert av Norges Forskningsråd har som mål å utvikle nødvendig kunnskap og teknologi for å auke bærekrafta og lønnsamheita til den norske produksjonen av torsk, og å sette aktørane i stand til å møta marknadens krav til trygge sjømatprodukt av høg kvalitet året rundt. Utfordringane med omsyn til volumvariasjonar og produktkvalitet, kan løysast gjennom marknadstilpassa produksjonskonsept og ny, fleksibel teknologi.

Les meir om prosjektet her. Ein kan også følgja prosjektet på Facebook og Twitter for nyhende om pågåande og tidlegare aktivitetar i prosjektet #QualiFish 

Master of science

Prosjektvarighet:

01.03.2014 - 12.12.2017