Til hovedinnhold

Tekst og foto  Pål Vikesland

6. september 1999. Reality-fjernsyn er framleis i sin uskuldige, jomfruelege barndom. Det er enno eit par år til Rodney og Anette skal boltra seg under Big Brothers luftige dyner. TVNorge sender første episode av 71 grader nord. Ein bergensar med adresse Trondheim sit som fjetra. Noko liknande har han aldri sett. Kombinasjonen av beinhard konkurranse, vill natur og stram fjernsynsregi liknar ikkje noko av det han tidlegare har sett.

Norges største fan
Fasinasjonen utviklar seg. Fem år seinare kårar P4 førsteamanuensis Eilif Hansen ved NTNU til Noregs største ”71 grader nord”-fan. Finurlege søknader om å sjølv få bli deltakar i serien har til no blitt avslått. Men framleis har Eilif Hansen eit håp om å få bli med i den beintøffe konkurransen som endar si ferd på Nordkapp.

Ikkje sett seg sjølv i serien
- Eg begynnar kanskje å bli litt gammal etter kvart, men eg har enno ikkje sett ein karakter som meg i serien, smiler Eilif Hansen.

Når 44-åringen ikkje dyrkar sine store hobbiar, det være seg ”71 grader nord”, Donald Duck, platesamling eller fjellturar på eit av dei sju i Bergen, held han til på Gløshaugen. Her er han førsteamanuensis ved Institutt for elkraftteknikk. Og ja, du leste riktig. Han har adresse Trondheim, men ein av hans største gleder er å gå på Ulriken, Fløyen eller Løvstakken heime i barndomsbyen Bergen. Til no i år har det blitt 78 turar! (I det Xergi går i trykken har det blitt 96 turer.)

- Men kva er det ved denne serien som gjer at du vert så fasinert?

- Det er eit todelt aspekt. Eg er jo eit friluftsmenneske og eit program av denne typen appellerer veldig til meg i utgangspunktet. Og så er det konkurranseelementet som gjer at det blir utruleg flott fjernsyn. Denne kombinasjonen er uslåeleg.

Frå vinyl til uheldige ender
Han har søkt om å få delta to gonger. Og søknadane har ikkje vore av typen der han fortel litt om seg sjølv på ei A4-side, skrifttype times new roman og linjeavstand ein og ein halv. Ganske langt i frå. I 2004 utforma han søknaden som ei LP-plate, med utbrettcover og innlagt bok. Han blei kalla inn til intervju, men kom ikkje gjennom det siste nålauge som ville gitt deltaking i serien. Men han gav ikkje opp. Og den neste søknaden var om muleg enno meir kreativ.

- Eg er jo ein av mange donaldistar i landet, så kom eg på idéen om å utforma ein søknad som ei Donald Duck-historie, smiler førsteamanuensisen.

Donald-søknad
Som tenkt, så gjort. Søknaden som vart sendt var ei 32 siders lang historie, der Donald endar opp med å delta i 71 grader nord. Hansen kom ikkje med denne gongen heller, men søknaden vekte oppsikt. P4 tok kontakt, og også i produksjonsselskaptes innerste kretsar var dette ein søknad som hadde utmerka seg.

- Eg var på besøk hos produsent Rune Biseth på Nordisk Film i vinter. Og der hadde søknaden fått plass i hylla, ler Hansen.

Eilif Hansen har vore mykje i kontakt med produsentane av serien, og var i slutten av mai på settet for å sjå korleis opptaka foregår. Akkurat det er eit litt tveegga sverd
i forhold til ei eventuell framtidig deltaking.

- Ja, det stemmer det. Det kan etter kvart bli slik at eg rett og slett kjenner konseptet for godt, fortel han.

Belgiske bønner og polsk prog
For det skal han ha. Førsteamanuensisen kjenner konseptet godt. Svært godt. Han gjer ikkje noko halvvegs, Eilif Hansen. Han har ei platesamling som tel om lag to tusen plater. I Bergen har lokalpressa vore på døra fleire gonger. Grunn: Han har byens største hekk. Han har som mål å gå hundre turar i Bergensområdet før året er omme. Ei over gjennomsnittleg interesse for Donald har vel óg blitt dokumentert. Men det er altså 71 grader nord som er hans største lidenskap. Han har ei omfattande nettside der han har samla informasjon om konseptet. Kunnskapen han sit på deler han gjerne med andre 71 grader nord-entusiastar. Potensielle
deltakarar frå Belgia har kontakta han, og bedt om tips og råd i søkeprosessen og om serien generelt. Og det finst mange slike underlege historiar.

Draumen lever
- Det mest ekstreme eg har gjort var vel når eg sendte mail til komponisten av musikken til den polske utgåva, og spurte om eg kunne få legge ut musikken på
heimesida mi. Eg fekk til svar at det var greit. Og ikkje berre det, det er jo forsyne meg bra musikk også. Nesten progressiv i uttrykket, gliser bergensaren engasjert.

Og me innser at orda hans frå tidlegare nok stemmer. Det har nok enno ikkje vore ein karakter av typen Eilif Hansen på 71 grader nord. Draumen om Nordkapp lever vidare.

Kreativ kar - Eg vil ikkje kalla meg kunstnerisk, men derimot kreativ, seier førsteamanuensis Eilif Hansen.

LP-cover - Eilifs første søknad til 71 grader nord, forma som omslaget til ei LP-plate.