Til hovedinnhold
Norsk English

OxyFUN Grunnlag for trykksett oksy-brensel-forbrenning for naturgassfyrte delvis lukka kombinerte syklusar

Ny forbrenningsteknologi er nødvendig for å forbedre effektiviteten av CO2-fangst fra naturgass

Kontaktperson

HIPROX rigg
HIPROX rigg. Foto: SINTEF/Thor Nielsen

Om lag 60 % av CO2-utsleppa i verda kjem frå forbrenning i energi- og insdustrisektorane. For å dempe klimaendringar og underbygge ambisiøse mål for reduserte CO2-utslepp i eit samfunn dominert av fossile brensel, må ein snarleg iverksetje fangst og lagring av karbon (CCS). Fleire ulike tekniske løysingar er tenkte ut og utvikla for å fange CO2 frå avgassar frå forbrenning.

Ei av desse, kalla oksy-brensel forbrenning, bygger på at ein brenn brenselet med oksygen i staden for luft. Dette gjev ein avgass med høg konsentrasjon av CO2, og då vert fangsten mindre energikrevjande. Slik forbrenning er vanskelegare å få til og er mindre utprøvd og dokumentert enn den vanlege med luft.

Prosjektet OxyFUN siktar mot å forstå dei fysiske og kjemiske detaljane ved oksy-brensel forbrenning slik det vil gå føre seg i gassturbiner for kraftproduksjon fyrt med naturgass. Ei særleg interessant side ved slike maskiner er at forbrenninga skjer ved høgt trykk.

Studien, i samarbeid med NTNU og CORIA - Normandie Université (Frankrike) vil bruke forsøksutstyr for høge trykk (HIPROX) og gjere målingar med avanserte laser-teknikkar inne i flammene (1 postdoc). Numeriske simuleringar vert nytta for å etterlikne detaljane i forbrenninga (1 PhD). Betre forståing av desse samansette fenomena, saman med validering av dei matematiske verktya, vil helpe til utvikling av meir effektive brennarar med lågare utslepp.

SINTEF Facts on HIPROX

Dette er et forskerprosjekt med støtte fra CLIMIT/Norges Forskningsråd

Nøkkeltall

Prosjektstart

2017

Utforsk fagområdene