Til hovedinnhold

Integrerte operasjoner for sikker og effektiv boring

Integrerte operasjoner for sikker og effektiv boring

Publisert 27. august 2013

Integrerte Operasjoner (IO) involverar integrering av menneske, organisasjon, arbeidsprosessar og teknologi, med det for auge å ta betre avgjerder. Fleire miljøer i SINTEF deltek i IO senteret ved NTNU. Her vert det gjort forsking og utvikling på tvers av faggrensene, der ein ser på korleis samarbeidet mellom delar av organisasjonen kan forbetrast, som for eksempel mellom sjø og land eller mellom operatør og service selskap. Ein ser også på samarbeidet mellom fagdisiplinane i oljeindustrien, som reservoar, boring, produksjonsoptimalisering, logistikk, vedlikehald og HMS.

Integrerte operasjoner for sikker og effektiv boring

     

Moderne boreoperasjonar støttast av breibandsoppkopling mellom land og sjø, sanntids datamodellar og i aukande grad automatisering. Integreringa av forskjellige datasystem forbetrast gradvis, men det er framleis ein lang veg å gå i samspelet mellom menneske og maskin. Dette fører til at boraren blir overbelasta med informasjon, feil kan bli gjort og samarbeidet med andre lider under dette. I senteret har det blitt utvikla nye matematiske metodar for oppdaging av anomaliar, ei tidleg varsling av uønskte hendingar i boreoperasjonen. Her vert det gjeve tilrådingar for korleis desse og andre metodar best kan implementerast i organisasjonen, slik at feil oppdagast tidleg og samarbeidet glir lettare.

Pågåande aktivitetar inkluderar algoritmar som kan lette integrasjonen mellom datasystem og menneske, tidleg varsling av boreproblem og forbetra erfaringsutveksling. Prosjektet ser både på korleis nye teknologiar som wired drill pipe, også kalla networked drill string kan utnyttast og på samspelet mellom den tekniske og organisasjonsmessige sida av ein boreoperasjon. Dårlig datakvalitet, som er eit stort problem for boreautomatisering, er eit typisk eksempel på eit problem som ikkje berre kan løysast teknisk, men må studerast med både tekniske og menneskelege innfallsvinklar.  

 

Forskningsleder

Prosjektvarighet

01.01.2012 - 31.12.2014

FAKTA OM PROSJEKTET

Kontaktinformasjon

 

Relevant informasjon
IO - Center for Integrated Operations in the Petroleum Industry